Forside » Politisk forum » Retningslinjer for arbeidet
Vedtekter for Fjellregionsamarbeidet
Torunn H. Kornstad 09.06.11
Del 1, Føremål
§ 1 Fjellregionsamarbeidet
Fjellregionsamarbeidet er eit politisk nettverk for område i Sør-Noreg der fjellet er ein viktig del av ressursgrunnlaget.
§ 2 Rettsleg grunnlag
Fjellregionsamarbeidet er eit politisk nettverk, og er ikkje ein sjølvstendig juridisk person.
§ 3 Føremål og virkeområde
Fjellregionsamarbeidet arbeider for levande og livskraftige fjellbygder.
Fjellregionsamarbeidet er pådrivar for ein politikk som sikrar at ressursar og verdiar i fjellområda gjev grunnlag for utvikling og trivnad i fjellbygdene.
Fjellregionsamarbeidet arbeider gjennom
- å vera ein aktiv deltakar og leverandør i regionalpolitiske diskusjonar
- å formidle kunnskap om fjellområda
- å delta aktivt i internasjonalt samarbeid
Del 2, Medlemskap
§ 4 Medlemskap
Fjellregionsamarbeidet er ope for kommunar, regionråd/kommuneregionar og fylkeskommunar som vil arbeide for livskraftige fjellbygder.
§ 5 Opptak av medlemar
Styret handsamar søknader om medlemskap.
Dersom styret avviser ein slik søknad, skal denne handsamast av Rådet for endeleg avgjerd.
§ 6 Medlemskontingent
Medlemskontingenten blir fastsett av Rådet.
§ 7 Utmelding
Utmelding skjer skriftleg til styret. Dersom utmeldinga skjer seinare enn 01.10. må medlemen betala full kontingent for det påfølgjande året.
Ein medlem som ikkje har betalt medlemskontingent for to påfølgjande år er automatisk utmeldt.
Del 3, Organisering
§ 8 Rådet for Fjellregionsamarbeidet
a) Samansetjing
Rådet er det høgaste organet i Fjellregionsamarbeidet.
Medlemane veljer representantar med personlege vararepresentantar til Rådet.
Fylkeskommunar og regionråd/kommuneregionar har to representantar kvar, medan kommunar har éin representant kvar.
Funksjonstida er 4 år, og tilsvarar valperioden.
b) Myndigheit og oppgåver
Rådet har møte minst ein gong årleg. Det handsamar årsmøtesaker og andre innkomne saker.
På årsmøtet handsamast:
- årsmelding og rekneskap
- handlings- og økonomiplan
- budsjett for kommande år, inkludert fastsetjing av medlemskontingent
- endring av vedtektene
- val av styre
- val av leiar
- val av nestleiar
Rådet vel styre på fyrste møte etter kommunevalet. Dette møtet skal vera innan utgangen av februar.
Innkalling til møte i Rådet skal skje med varsel på minst tre månader.
§ 9 Styret for Fjellregionsamarbeidet
a) Samansetjing
Styret er sett saman av ein representant frå kvar fylkeskommune, to representantar frå kommunane og to frå kommuneregionane.
Styremedlemane blir valde av det fyrste årsmøtet etter kommunevalet, og dei fungerer i 4 år.
Leiar og nestleiar for styret blir valde av Rådet for ein periode på 2 år.
Styret konstituerer seg elles sjølv.
Styret oppnemner valkomité.
b) Myndigheit og oppgåver
Styret har delegert myndigheit frå Rådet i alle løpande saker gjennom året, og kan uttale seg på vegne av FRS.
Styret er ansvarleg for den daglege leiinga av Fjellregionsamarbeidet.
Ved likt stemmetal i styret har leiaren dobbeltstemme.
Styret kan delegere vedtaksfullmakter til leiaren.
§ 10 Sekretariat
Rådet vedtar omfang og lokalisering av sekretariatet for Fjellregionsamarbeidet.
§ 11 Administrative ressursar
Alle medlemar skal ha ein administrativ kontaktperson.
Kvar medlem er ansvarleg for at det blir sett av tilstrekkelege ressursar til at denne personen kan følgje opp arbeidet i Fjellregionsamarbeidet.
Administrativ arbeidsgruppe er sett saman av ein representant for kvar medlem som er representert i styret. Sekretariatet leiar gruppa.
§ 12 Vedtektsendringar
Forslag om endringar av vedtektene skal handsamast av Rådet. Forslaga skal sendast ut til medlemane minst to månader før møtet.
Ei endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal.
§ 13 Oppløysing av Fjellregionsamarbeidet
Forslag om oppløysing av Fjellregionsamarbeidet skal handsamast i Rådet. Eit vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal.
Eigenkapitalen skal ved oppløysing av nettverket fordelast på medlemane etter den same fordelingsnøkkelen som ved innbetaling av kontingent. For at ein medlem skal kunna få utbetalt sin del av eigenkapitalen, må han ha betalt kontingent ved siste innkreving.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

