FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder » Folketallsutvikling

Interessant konferanse om busetjing i fjellregionane

Foto og tekst: Torunn H. Kornstad

    11.03.11

I samband med Rådsmøtet 2010 arrangerte Fjellregionsamarbeidet ein kort konferanse med tema ”Busetjing i fjellregionane”. Dei om lag 40 deltakarane fekk høre interessante foredrag både frå forskingssida og frå kommunane sjølve om korleis utviklinga i folketal og flytting er, kvifor ungdom ikkje flyttar heim – og kva kommunane gjør for å vera attraktive.

image
Nokre av deltakarane - foredragshaldar Asgeir Skålholt frå Østlandsforskning ståande


Leiar Svein Borkhus ønskte på vegne av Fjellregionsamarbeidet velkomen, før Solfrid Nestegard Gjeldokk starta dagen med to fine songar. Olaug Grønlien Granseth, som er ordførar i Gol og regionrådsleiar i Hallingdal, hadde ansvaret for å leie konferansen.

Ordførar Erik Kaupang i Hol opna den faglege delen med å gje forsamlinga eit godt innblikk i dei utfordringane ein fjell- og reiselivskommune som Hol står oppe i. Hol har hatt eit aktivt reiseliv i over 100 år, sidan Bergensbanen kom i 1909. Kaupang fortalte mellom anna at dersom ein fordeler turiststraumen ut over alle dagar i året, er det gjennomsnittleg 5.500 turistar i kommunen, medan folketalet er 4.500. Turistane står for 2/3 av omsetjinga i daglegvarehandelen, og ca. halvparten innan annan detaljhandel. Reiselivsnæringa er såleis basisen for kommunen, men det fører med seg ein del utfordringar. Reiselivet slit med økonomien, det er utfordringar knytt til utbyggingsprosjekta, og det krev mykje av kommunen i høve til servicetilbodet, særleg innan bygg/teknisk og helsesektoren. Kaupang lanserte såleis eit ønske om at ein del av skattøyret frå dei som har hytte i ein kommune skal gå til denne kommunen. Han kom også inn på utfordringa med fellesgodefinansieringa, og uttalte at det ennå ikkje har snødd ferdigpreparerte skispor!

Kaupang drog også opp andre problemstillingar som er felles for distrikta. Han peika på at Representasjonen frå distrikta inn mot sentralt politisk hald kan bli dårleg. I Buskerud kjem nå åtte av ni stortingsrepresentantar frå Drammensområdet. Den siste er frå Kongsbergsregionen – altså har ingen til dagleg noko kontakt med utfordringane i distrikta. Han nemnte også eksport av kraft. Sjølv om Hol kommune får inntekter frå kraftproduksjonen, så får Oslo kommune eit årleg utbytte frå kraftproduksjonen i Hol på ca. 200 millionar kroner!

Forskar Kjetil Sørlie frå NIBR hadde fått i oppdrag å sjå på folketalsutvikling, flytte- og bumotiv i dei fjellkommunane som Fjellregionsamarbeidet omfattar. I eit 20-årsperspektiv ser ein at folketalet i desse 51 kommunane har gått ned med 6,2 %, medan folketalet i Norge har stigi jamt i perioden. Den svakaste utviklinga har fjellkommunane i Telemark hatt, med ein nedgang på 9 %. Ut frå tala kan det sjå ut som vi nå har ei lita motbølgje, da tala for fjellkommunane totalt sett er positive for 2008-2009. Samstundes er auken framleis eitt prosentpoeng mindre enn i landet totalt, slik at fjellregionane sin andel av det totale folketalet stadig er synkande.

Fjellkommunane har også ein vesentleg eldre befolkning enn landsgjennomsnittet. Her kjem Hemsedal kommune godt ut, med ein samansetning omtrent som landet, medan Rollag er den kommunen som har størst andel eldre og lågast andel ungar opp til 5 år (sjå s. 14 i foredraget). Fjellbygdene kjem også dårleg ut når ein ser på nettoutflytting. Ser ein på aldersgruppene rundt 40 år, har netto 15 % av desse flytta ut av fjellbygdene, medan landet sett under eitt har ein tilvekst på 10 % i desse aldersgruppene, pga innvandringa.

Når det gjeld flyttemotiv, skil fjellkommunane seg noko frå andre delar av landet. Arbeid er litt viktigare som motiv for å flytte til fjellregionane enn for andre delar av landet, familie og helse er litt viktigare, medan bustad er mykje mindre viktig. Motiva for å bli buande er nokså like i fjellregionar og landet under eitt. Ein interessant forskjell er at stad/miljø er eit mykje viktigare bumotiv i fjellkommunane enn i periferien generelt.

Det vakte litt diskusjon på møtet at friluftsliv vart sett på som eit mindre viktig flytte- og bumotiv i fjellkommunane enn elles i landet. Sørlie forklarte dette med at folk venteleg tar det for gitt at det er mogleg med eit aktivt friluftsliv i desse områda. Til gjengjeld er klima ein plussfaktor for fjellkommunane.

image
Interesserte møtedeltakarar frå Hedmark og Oppland i nord til Telemark i sør.


Asgeir Skålholt frå Østlandsforskning presenterte ei undersøking om ungdom frå Gudbrandsdalen. Gjennom ei rekke intervju vart dei unge spurde om kva dei tenker om å flytte tilbake. Mange svarar at dei vil ”flytte heim”, og da grunngitt med at dei vil at ungane deira skal vekse opp i det same miljøet som dei sjølve gjorde. Spørsmålet er da kvifor dei likevel ikkje gjør det? Dei hovudforklaringane som Skålholt kom med, var at ungdom ser på det å flytte heim som ”den endelege flyttinga” – og at dei fleste vil oppleva noko meir før dei gjør det. Dei tar lang utdanning, vil gjerne arbeide i eit større miljø før dei søkjer ein meir sjølvstendig, men meir einsam jobb i heimbygda, og dei blir også mindre mobile fordi dei er seint ferdige med utdanninga. Det er også slik at mange treff partnaren sin i studietida, og denne kjem ofte frå ein annan stad. Kompromisset deira blir da å bli buande i ein by.

Skålholt heldt fram at arbeidsplasstilbodet er svært viktig for å trekke folk til bygdene, og det same gjeld tenestetilbodet, særleg innan barnehage og skule. Vinje kommune har sett på ei anna utfordring; å skaffe seg bustad. Dei færraste som flytter til ein kommune vil bygge eller kjøpe seg hus med ein gong. I Øyfjell i Vinje bygger dei difor ein ”prøvebustad”, som skal leigast bort til innflyttarar som vil prøve å bu der i 1-2 år. Prosjektet er også integrert i eit bustadprosjekt der gamal byggeskikk i Vinje er brukt som grunnlag for nyutvikling.

Prosjektleiar i Liv i Vinje, Silje Hegg, fortalte om prøvebustadsprosjektet, medan ordførar Arne Vinje snakka om filosofien som ligg bak at kommunen utmerkar seg i så mange samanhengar. Kommunen har fått prisar både for integrerings- og kulturarbeid, og dei var den beste servicekommunen i Norge i fjor. Dette viser ei medviten haldning, og Vinje la vekt på at med den stabile nedgangen som er i folketalet, må ein satse sterkt på humankapitalen.

image
Ordførar Arne Vinje og prosjektleiar Silje Hegg frå Vinje kommune


Ordførar Erling Aas-Eng i Tolga kommune i Nord-Østerdalen var klar på at han vil fokusere på det som er mogleg, og ikkje på dei negative utviklingstrekka eller avgrensande rammevilkår. Kommunen har 1700 innbyggarar, eit høgt utdanningsnivå, dei har 8 % innvandrarar - 25 % av ungane i barnehagene er barn av innvandrarar - og det bur 19 forskjellege nasjonalitetar der. Aas-Eng trakk fram prosjektet rundt Nasjonalparklandsbyen i Vingelen, ei grend med om lag 500 innbyggarar. Heile 90 av desse var med i studieringarbeid førre vinter, og dei arbeider aktivt med mogleg utvikling knytt til Forollhogna nasjonalpark. Han fokuserte sterkt på at for å bli vellykka må slike prosjekt vera forankra i bygda, slik at bygdefolket sjølve gjennomfører og er ansvarlege for tiltaka.

Aas-Eng fortalte også om eit svært vellykka landbruksprosjekt som er gjennomført i kommunen. I Tolga sysselsett landbruket heile 25 % av dei yrkesaktive, og utviklinga der har såleis store konsekvensar for bygdesamfunnet. I løpet av prosjektperioden vart målet med å nydyrke 1500 daa overoppfylt, og dei har også nådd målet om at over 20 % av arealet blir drivi økologisk. I 2009 og 2010 ligg det an til at investeringane i næringa blir på ca. 60 mill. kr, noko som er langt over måltalet.

Det vart ein aktiv diskusjon etter innlegga, der det kom fram mange synspunkt rundt dette temaet. Kan vi få det til å bli fødd fleire ungar i fjellregionane? Korleis verkar diskusjonen om lokalsjukehus inn på dette? Sørlie peika på at ein uansett må ha ei tilflytting for at ikkje folketalet skal synke, da det er for få unge som bur att i desse kommunane. Fokus vart også sett på utflytting av statlege arbeidsplassar, friare busetjing eller fordeling av skatteinntekter, fristilling av hus/gardar som blir brukte som fritidsbustader, nettilgang/breiband og satsing på kulturskulen.

image
Ein strålande vårdag på Geilo!

Dokumenter



Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes