FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Uttale frå Fjellregionsamarbeidet til enda ei sentraliserande utgreiing frå TINE

Tekst: Torunn H. Kornstad   Bilete: Kjell Arne Berntsen

    31.08.11

Region Aust i TINE la i vår fram ei utgreiing om den framtidige ferskvareproduksjonen. Ikkje uventa konkluderer utgreiinga med at Osloanlegget tar over all ferskvareproduksjon frå dei andre anlegga. Fosheim Meieri i Valdres vil da miste enda ein produksjon og 40 arbeidsplassar. Fjellregionsamarbeidet går sterkt i mot dette og bed Tine om å ta større samfunnsmessige omsyn.

image
Fosheim Meieri, Vestre Slidre i Valdres.

Uttalen til styret i TINE, er slik:

“Fjellregionsamarbeidet er eit politisk nettverk for område i Sør-Noreg der fjellet er ein viktig del av ressursgrunnlaget. Det er pådrivar for ein politikk som skal sikre levande og livskraftige fjellbygder.

Fjellbygdene er viktige for landbruket i Noreg. Det er i mange slike bygder eit sterkt og levande produksjonsmiljø for fleire typar husdyrhald, noko som gjev grunnlag for ein stabil framtidig produksjon. Landbruket og ringverknadene av dette er difor også viktigare for desse bygdene enn mange meir sentrale bygder. Styret i Fjellregionsamarbeidet har med bakgrunn i dette følgjande syn på TINE si utgreiing om ferskvareproduksjonen i region aust:

Sjølv om mykje av råstoffproduksjonen skjer i fjellbygdene, er talet på foredlingsanlegg i slike område sterkt redusert. Det skjer over tid ei nedlegging av desse, til fordel for anlegg i sentrale strok.
Eit foredlingsanlegg som kan bli råka av dette er TINE sitt meieri Fosheim i Vestre Slidre i Valdres. Tidlegare i år vedtok TINE å flytta culturaproduksjonen frå Fosheim til Tungaanlegget ved Trondheim, medan det nå er forslag om å legga ned ferskvareproduksjonen ved Fosheim og flytta denne til Oslo.

Valdres er eit område der mjølkeproduksjonen framleis står sterkt. Denne produksjonen er difor svært viktig som ein del av næringsgrunnlaget i regionen. I tillegg er Valdres spesielt, fordi det her er ein levande stølstradisjon for mjølkeproduksjonen. Ingen andre område i Noreg har ei så omfattande stølsdrift, og mjølkeproduksjonen er difor viktig både for landbruksmiljøet, men også for kulturarven og reiselivet.

TINE har enda ein gong lagt fram ei utgreiing som konkluderer med at produksjon skal flyttast frå råvareproduserande regionar, til sentrale strok. Føresetnaden for konklusjonen er gitt – det er gjort omfattande investeringar i anlegget i Oslo, medan det i den same perioden ikkje er gjort nokre investeringar i dei andre anlegga, som Fosheim. Den bedriftsøkonomiske konklusjonen er difor klar – det kan sparast inn totalt 69 mill kr/år ved å flytta all produksjon av ferskvarer i Region Aust til Oslo. Av dette utgjør innsparinga ved å legga ned produksjonen ved Fosheim 10 mill kr/år.

Fjellregionsamarbeidet vil be TINE om å vurdere denne konklusjonen svært nøye – både ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv, men også sett frå det bedriftsøkonomiske. Samfunnsøkonomisk sett vil det å flytta foredlinga frå der råvarene bli produsert og til sentrale strok gje lågare verdiskaping i fjellbygdene, der denne trengst meir enn i Oslo. Ei fjerning av enda 40 årsverk frå Fosheim vil også på lengre sikt truleg
gje grunnlag for ei total nedlegging av anlegget, noko som vil få verknader både på sysselsetjinga og produsentmiljøet i Valdres. Viss dette i sin tur fører til nedlegging hos produsentar som driv mjølkeproduksjon på stølen, vil det også ha ringverknader for kulturarven og reiselivet.

Den snevre bedriftsøkonomiske tankegangen vil difor ha store konsekvensar som ikkje kjem fram i reknestykket som ligg til grunn for utgreiinga. Dette meiner styret i Fjellregionsamarbeidet er feil, da landbruket er ei næring som kviler på eit politisk fundament, med statlege overføringar som ein del av inntektsgrunnlaget. Dette tyder at TINE, som hentar sitt råstoff og dermed sine inntekter frå landbruket, også bør ta samfunnsmessige og samfunnsøkonomiske omsyn i sine avgjerder. Å frakte råvarer vekk frå bygdene og ta ut verdiskapingspotensialet i sentrale strok, er det motsette av dette.

Fjellregionsamarbeidet meiner det også bør takast meir omsyn til transport og miljøkostnader i reknestykka. Kva kostar det samfunnet å frakte mjølka i kartongar tilbake til Valdres og områda rundt? Kven skal betala for auka utslepp, vegslitasje og enda meir belasta trafikkmiljø?

Bedriftsøkonomisk ser det ut som det blir svært sårbart å redusere til eitt anlegg i denne regionen. Kva slags beredskap vil dette gje i høve til ein mogleg driftsstans ved Osloanlegget? I det minste eitt anna anlegg bør vera i drift for å ha ein back up, og Fjellregionsamarbeidet synest det er naturleg at dette blir Fosheim, som ligg i ein region der landbruket er så viktig. Det går heller ikkje fram av utgreiinga at TINE vil miste kompetanse, og venteleg få mindre stabil arbeidskraft ved ei så sterk sentralisering. (Dette er kjent frå andre samanhengar, ved at stabiliteten er større og sjukefråveret mindre hos arbeidskrafta i bygdene enn i byane).

Saka handlar også om TINE sitt omdømme. Vil meierisamvirket at alle anlegg i fjellområda skal bli borte? Skal dei som ønskjer levande bygder gå over til å bruke produkt frå andre produsentar, som Q-meieria og Synnøve Finden? Desse har foredlingsanlegg i fjellbygdene, noko vi meiner er bra for truverdigheita i marknaden. Om dette ikkje kan verdsetjast direkte i ein bedriftsøkonomisk analyse, så bør det takast omsyn til dette også hos TINE.

TINE har heller ikkje sett potensialet i å foredle mjølka som blir produsert på stølane. Dersom dette brukast som råstoff i eit framtidig produkt, vil det få mykje større legitimitet i marknaden dersom mjølka blir foredla i Valdres, og ikkje frakta til Oslo.

Fjellregionsamarbeidet ser fram til TINE si handsaming av denne utgreiinga, med håp om at styret også vil ta omsyn til andre moment enn dei reint bedriftsøkonomiske. Dette særleg fordi konklusjonen er ein konsekvens av at TINE bare har investert i Osloanlegget, og ikkje har brukt noko pengar på dei andre anlegga, m.a. Fosheim. Med grunnlag i vår argumentasjon meiner vi at Fosheimmeieriet må få behalde sin ferskvareproduksjon, og få utvikle seg vidare gjennom naudsynte investeringar og nye produkt.”

Uttalen er signert leiar Svein Borkhus.

image
Det er framleis stølsdrift i stort omfang i Valdres, noko som er viktig både
for landbruket og reiselivet. Det er også ein levande kulturarv som bygger på dei
lange tradisjonane med å utnytte dei tilgjengege ressursane i fjellområda.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes