Forside » Arbeidsområder »
Over 320 påmeldte til European Mountain Convention
Torunn H. Kornstad 10.09.10
Om bare få dagar er det klart for The VIIth European Mountain Convention på Lillehammer, som har tema “Innovasjon som ein nøkkel til utvikling av fjellbygdene.” Vi ser fram til tre fine konferansedagar med over 320 deltakarar frå 23 forskjellige nasjonar. Deltakarane skal diskutere fjellpolitikk, bygge nettverk, lære om innovasjon og korleis dette kan nyttast til utvikling av fjellbygdene.
Statsråd Liv Signe Navarsete vil vera til stades på den fyrste plenumsdelen av konferansen, og ho vil gje forsamlinga gode døme på innovativ utvikling i norske fjellområde. Fylkesordførar i Oppland Audun Tron og Lillehammerordførar Synnøve Brenden åpnar konferansen saman med president i Euromontana André Marcon. Ein svært spennande gjest denne torsdagsformiddagen er Jose Pacheco frå MIT (Massachusetts Institute of Technology) i USA. Universitetet er kjent for sitt innovasjonsarbeid, og mellom anna for sine FabLab’ar, som spreier kompetanse og deler kunnskap over heile verda. Ronan Uhel fra European Environment Agency tar for seg den grøne økonomien og miljøperspektivet.
Konferansen vil ha to bolkar med parallelle sesjonar, slik at det i alt vil vera over 50 innleiarar i aksjon. Alle desse har med seg forskjellige erfaringar og innfallsvinklar til innovasjonstemaet. Avslutningsvis blir det ein rundebordsdiskusjon der temaet er ein mogleg handlingsplan for utvikling av innovative initiativ i dei europeiske fjellregionane. Norsk deltakar i denne diskusjonen er Elisabeth Mellbye, som driv bedriften Brennabu AS i Vestre Slidre, Valdres. Det er også fleire norske innleiarar i parallellsesjonane. Eit oppdatert program for konferansen finn du her.
Deltakarane på konferansen har meldt seg på forskjellige studieturar og parallellsesjonar. Onsdagen blir det tre studieturar med forskjellige tema og reisemål. Turen som går til Midt-Gudbrandsdalen er den kortaste av dei tre, slik at deltakarane kan kombinere studieturen med Euromontana si Generalforsamling. På denne turen er det så mange påmeldte at det blir to fulle bussar, medan det blir éin buss på kvar av dei litt lengre turane til Valdres og Østerdalen. Arrangørane håpar det blir fint haustvær, slik at deltakarane i tillegg til fagleg påfyll også kan få med seg flotte naturopplevingar frå fjell og bygder!
Torsdag kveld er det invitert til festmiddag, og før dette kjem Sør-Fron Spelemannslag og spelar for den internasjonale forsamlinga. Sjølv om dei spelar ekte norsk folkemusikk så vil nok mange kjenne att danserytmene frå eige land, da mykje av dette er europeisk fellesarv.
Åtte tolkar vil også installere seg på hotellet desse dagane og vidareformidle foredrag og diskusjonsinnlegg på norsk, fransk og engelsk.
Skal du kjøre bil til Lillehammer? Sjå på deltakarlista om det er nokon du kan kjøre saman med!
Leiar Svein Borkhus i Fjellregionsamarbeidet ser fram til konferansen, og han gledar seg til mykje aktivitet og diskusjon. Borkhus sitt også i styret i Euromontana, og i tillegg til studietur og konferanseprogram skal han og mange andre delta på Euromontana sin Generalforsamling på ettermiddagen onsdag 15. Euromontana har fått rekordmange påmeldingar på generalforsamlinga, noko som viser at engasjementet rundt den europeiske fjellpolitikkorganisasjonen er stort. Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) og Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har vedtatt å melde seg inn i Euromontana nå i år, noko som vil gjøra organisasjonen enda viktigare for Fjell-Norge.
Borkhus vil på vegne av arrangørane Euromontana, Oppland fylkeskommune og Fjellregionsamarbeidet ønskje alle påmeldte hjarteleg velkomen til innhaldsrike dagar på Lillehammer!
![]()
Leiar i Fjellregionsamarbeidet Svein Borkhus
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

