Forside » Arbeidsområder »
Orientering om Fjellregionsamarbeidet for kommunestyret i Sigdal
Tekst: Torunn H. Kornstad
25.05.10
Fjellregionsamarbeidet er opent for nye medlemar som vil arbeide for dei fjellpolitiske utfordringane. Torsdag 20. mai hadde kommunestyret i Sigdal kommune bedt om ei orientering om organisasjonen, og sekretær Torunn H. Kornstad fortalte om kva som kjenneteiknar fjellbygdene, kva Fjellregionsamarbeidet vil arbeide med for å løyse utfordringar knytt til dette, om arbeidsmåtar og organisering.
Utsyn mot kommunesenteret Prestfoss
Sigdal kommune vurderer om Fjellregionsamarbeidet er ein organisasjon som passar for deira problemstillingar. Kommunen har både fjellområde mot Norefjell og Numedal, og samstundes mykje barskog og meir lågland. Kommunen har utfordringar knytta til utvikling i fjellet, store verneområde - men mest barskog (Trillemarka og mindre verneområde), generelle distriktsutfordringar og utvikling t.d. innan matområdet. Orienteringa vart lagt opp med ei orientering om Fjellregionsamarbeidet fyrst, og så kunne kommunestyret komma med spørsmål og diskutere. Engasjementet var bra, og mange av representantane kom med spørsmål og lurte på om det vil vera lurt å bli med i dette samarbeidet for ein kommune som står litt “midt mellom” andre kommunar og regionar. Spørsmålet om medlemskap eller ei skulle ikkje avgjerast denne gongen, men diskusjonen vil nok komma opp att om ikkje alt for lenge.
Orienteringa til kommunestyret finn du her.
Dersom andre kommunar, regionråd eller fylke ønskjer tilsvarande orienteringar, er det bare å ta kontakt med sekretariatet for Fjellregionsamarbeidet!
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

