Forside » Arbeidsområder »
Ny nettstad for distrikts- og regionalpolitisk forsking
Torunn H. Kornstad 20.06.11
Den nye nettstaden har fått namnet “pemabo.net”. Namnet er ei forkorting av dei engelske orda “peripheral”, “marginal” og “borders”, som er dei regiontypane initiativtakarane vil formidle forsking frå og rundt.
![]()
Peter de Souza til høgre på biletet; ein av initiativtakarane til
og drivkreftene i forskingsnettverket pemabo.
Biletet er frå PADIMA-seminaret i Trysil i mai.
Dei perifere, marginale og grenseregionane som det blir forska på har til felles at dei har spesielle utfordringar knytta til t.d. geografi/avstand og demografi. Dette er noko vi kjenner att frå fjellregionane i Noreg, slik at det kan vera nyttig å følgje med på forskingsresultat og artiklar som blir publiserte.
Det er .(JavaScript must be enabled to view this email address) ved Høgskolen i Hedmark som formidlar nyheiten om nettstaden. de Souza er sterkt engasjert i problemstillingar knytta til grense-, perifere og marginale regionar, og har difor vori til stades på ein del av konferansane i regi av Fjellregionsamarbeidet og Euromontana - nå sist på PADIMA-seminaret i Trysil i mai, der han leia paneldebatten. Han heldt der eit svært interessant foredrag om korleis framtida kan sjå ut i fjellregionane, basert på ein SWOT-analyse.
Nettstaden www.pemabo.net skal formidle nyhende og lenker knytta til dei regionale problemstillingane, han skal marknadsføre aktivitetar og tilrå bøker og artiklar. I tillegg skal han bli eit forum for debatt og publisering rundt forskjellige emne knytta til periferi, grisgrendte strok, marginalitet og grenseproblematikk. de Souza har tidlegare, saman med Mike Danson ved University for the West of Scotland, tatt initiativ til å laga ei arbeidsgruppe innan regionforsking. Arbeidsgruppa har arrangert konferansar om emnet og tatt mange kontaktar for å utvikle seg, og ho har nå vorti eit nettverk. Dei håpar nå at den nye nettstaden skal forsterke nettverksarbeidet, m.a. gjennom den auka informasjonsflyten.
Frå Valle de Aosta, ein italiensk fjell- og grenseregion.
Foto: Leidulf Lund
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

