Forside » Arbeidsområder »
Medkjensle til alle som vart råka av terroraksjonane
Torunn H. Kornstad 05.08.11
Leiar i Fjellregionsamarbeidet Svein Borkhus og direktør i Euromontana Alexia Rouby sender kondolansar og varme tankar til alle som vart råka av terroraksjonane i Oslo og på Utøya 22. juli.
Fredag 22. juli vart heile Noreg ramma av dei brutale og omsynslause terroraksjonane retta mot regjeringskvartalet i Oslo og AUF sin sommarleir på Utøya. 77 menneske, dei fleste av dei svært unge, er rivne bort, og svært mange andre sitt att med skadar og vonde minne. Leiar Svein Borkhus i Fjellregionsamarbeidet ønskjer å sende sine kondolansar til alle dei som har mista nokon av sine næraste, og varme tankar til alle som vart råka av aksjonane. Dette er ein tragedie større enn det vi kan greie å fatte, seier han. Eit lyspunkt midt i det vonde er den trua som dei råka ungdomane har på arbeidet vidare. Det er også positivt å sjå korleis heile det norske folket har stått fram i dagane etter tragedien; samla om blomar i sorga. Det viktigaste nå er at vi må vise omsorg, og vi må halde saman, seier Borkhus.
Utanlands har også hendingane fått mykje merksemd, og frå Euromontana sin direktør kom følgjande epost rett etter aksjonane:
“Dear Norwegian members, partners and friends,
Just a small word to tell you how shocked we are here with what happened in Oslo on Friday. We think about you in hope you did not lose anyone you knew on this terrible day. With our warmest thoughts, Alexia Rouby.”
Til saman 16 ungdomar og vaksne frå dei fem medlemsfylka Buskerud, Telemark, Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark omkom i terroraksjonane, medan fleire er skadde. Mange menneske stilte også opp som frivillige og gjorde ein stor innsats i bergingsarbeidet på Utøya.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

