Forside » Arbeidsområder »
Lærerik tur til Euromontanakonferanse i Skottland
Tekst: Torunn H. Kornstad Foto: Torunn H. Kornstad og Leidulf Lund
11.10.11
Temaet for årets Euromontanakonferanse var bærekraftig reiseliv - eit svært relevant tema, noko som viste seg ved at over 20 nordmenn deltok på konferansen i Inverness 27.-28. september. I forkant av konferansen arrangerte Fjellregionsamarbeidet ein studietur for dei norske deltakarane, der forvaltinga av Cairngorms National Park skapte stor interesse.
På studietur - her står ein del av deltakarane framfor ein fiskedam på Rothiemurchus Estate.
Temaet bærekraftig reiseliv engasjerer - konferansen var heilt fullteikna, med 140 deltakarar frå 14 land. Skottane hadde laga eit godt organisert arrangement, der tida var delt mellom foredrag i plenum, studieturar og paneldebatt. I tillegg var nesten alle dei norske deltakarane med på Fjellregionsamarbeidet sin studietur dagen før konferansen, noko som gjorde at dei fleste fekk sjå ein god del av området rundt konferansebyen Inverness. Det kom fram mange gode døme og forslag for å gjøra reiselivet meir bærekraftig - men EU manglar framleis ein sams definisjon på kva som er eit bærekraftig reiseliv. Euromontana sitt avsluttande dokument frå konferansen og alle foredraga finn du på konferansen si heimeside.
Studietur til Cairngorm og Loch Ness
Studieturen i forkant hadde Cairngorms National Park som hovudtema. Dette er ein kjempestor nasjonalpark i Storbritannias største fjellområde. Det er difor eit svært viktig reisemål for mange britar, og turisme er ein hovudnæringsveg. Fleire småbyar og landsbyar ligg innanfor grensene til parken, det bur faktisk 17.000 menneske der. Turen starta på Rothiemurchus Estate, ein stor eigedom inne i nasjonalparken. Her er turisme nå hovudleveveg. Familien Grant sysselset 50 personar på eigedomen, som er på 10.000 haa og er besøkt av opptil 2000 menneske pr. dag i høgsesongen. Vi vart tatt med ut på tur for å sjå på ekte skotsk furuskog, som nå er sjeldan, og for å høre guiden Alph McGregor fortelja om verksemda.
Den norske gruppa blant mektige skotske furuer.
Alle norske grupper som er innom Rothiemurchus får høre om kompani Linge, som hadde hovudkvarteret sitt her under 2. verdskrigen. Dette vart særleg interessant for oss, da både ordførarar og andre frå Vinje og Tinn deltok på turen. Det vart tid til ein tur bortom bygningen der kompaniet heldt til, med nokre ekstra historier om korleis kompaniet hadde det her. Til slutt fekk vi sjå fiskedammane, der det både var lov å mate fisken og å fange han. Det var forskjellige fiskemoglegheiter, med både krok og fluge. Rothiemurchus tilbyr om lag 30 forskjellige aktivitetar på eigedomen, i samarbeid med 13 ulike aktørar. I tillegg fekk Skottland i 2003 ein liknande allemannsrett som Noreg - “The access code”, som gjør at mange går og syklar på eigedomen sine vegar og stiar. Fjellsykling har vorti svært populært, men har ført til nokre konfliktar med turgåarane, fortalte guiden Mc Gregor.
Etter ein stopp for matservering på The Heather Centre gikk turen til byen Grantown-on-Spey, der administrasjonen til Cairngorms National Park er lokalisert. Murray Ferguson, som er leiar for avdelinga for bærekraftig utvikling av landsbygda, hadde ein svært interessant gjennomgang av korleis nasjonalparken blir leia. Styret er på 17 medlemar, og dei fleste av desse er lokalt valde. Han fortalte også at dei har ei lita forvalting til å vera ein britisk nasjonalpark, med om lag 50 tilsette. Etter foredraget til Ferguson var det tid for spørsmål, og folk var svært interesserte i å få vita meir om korleis dei arbeider for parken gjennom hovudmålet ” - bring nature and people together”. Forvaltinga sin filosofi er å legga til rette slik at lokale kan tene pengar gjennom næringsverksemd. Dei hadde utforma ein logo for nasjonalparken som alle som driv næringsverksemd i parken kan bruke dersom dei tilfredsstiller kvalitetskrava.
Direktør Murray Ferguson hadde vori i Noreg fleire gongar - men han hadde ikkje kjøpt seg
ostehøvel, som difor var ei populær gåve som takk frå Fjellregionsamarbeidet.
Siste stopp på turen var Urquhart Castle ved Loch Ness, eit slott som vart sprengt av sine eigne rundt 1690 for å unngå fleire konfliktar og slag. Stiftinga Historic Scotland driv denne staden og mange andre, der dei formidlar skotsk historie gjennom å ta vare på bygningar og fortelja kva som har skjedd. I servicebygget ovanfor slottet fekk vi sjå ein film som i løpet av åtte minutt viste oss historia til staden på ein svært profesjonell måte.
Fyrste konferansedag med fleire interessante studieturar
På veg inn i konferansebygningen vart deltakarane møtt av ein sekkepipespelande ungdom, medan ein kiltkledd Sandy Park frå the Highland County Council ønskte velkomen. Her skulle ingen vera i tvil om at vi var i Skottland - og at skottane sjølve er stolte av kulturarven sin. Foredragshaldarane var henta inn frå mange land og organisasjonar. Paula Cristina Gomes frå EU-kommisjonen snakka om korleis EU-policy kan fremje den bærekraftige turismen i fjellområda, og la her stor vekt på dei to merkeordningane Ecolabel og EMAS. Anton Zimmermann frå Austerrike la også vekt på den austerrikske merkeordninga, men kunne tenke seg å bli med i ei felles merkeordning for heile EU når det blir aktuelt.
Petter Bråten, som er oppsyn i Hallingskarvet Nasjonalpark, var den einaste norske innleiaren. Han la vekt på samspelet mellom forvaltning av nasjonalparken, lokalbefolkninga og næringslivet, og meinte at ein gjennom dialog vil finna løysingar der ein i utgangspunktet er usamde om bruken av nasjonalparken. Han fortalte at dei i Hol gjennomfører kurs for at “folk flest” skal kunna fortelja turistane om nærområdet og kommunen, og bli meir stolte over bygda si.
Foredragshaldarar fyrste dag; nest bortest til høgre Petter Bråten.
Konferansen vart sendt på Web-TV, og på lerretet over ser vi
Frank Gaskell, som stiller eit spørsmål til innleiarane.
Dei skotske arrangørane hadde organisert tre ulike studieturar/work shops med forskjellige emne. Med lunsjbagen i handa drog deltakarane ut i kvar si retning. Studieturen om korleis ein kan utnytte kulturtradisjonane starta med ein halvtimes stopp for shopping! Denne utradisjonelle vinklinga skuldast at småbyen Beauly har profilert seg som ein stad der du kan handle ting du ikkje får kjøpt andre stader i nærleiken. Neste stopp var på eit whiskydestilleri, som dessverre var stengt for vedlikehald slik at det ikkje gikk an å sjå på prosessen. Det var likevel interessant å høre om produksjonen og marknadsføringa. Om ein slik produksjon er bærekraftig, når destilleriet er eigd av ein større “kjede” og det brukar masse vatn, torv og annan energi i produksjonen av ei vare vi eigentleg ikkje treng - det vart det ikkje gitt noko godt svar på.
Siste stopp på denne studieturen var ved Culloden, der det siste store landbaserte slaget på britisk jord stod i 1746. National Trust of Scotland driv eit besøkssenter her. Dei er ein medlemsorganisasjon med svært mykje aktivitet, som spenner frå eit slikt stort besøkssenter som Culloden, til å vedlikehalde vandringsruter. Mykje av arbeidet er basert på frivillig arbeid, men dei har også mange tilsette. Turen vart avslutta med presentasjon av to døme på turistprosjekt frå Slovenia og Romania, og ein diskusjon. Noko av diskusjonen dreide seg om prosjekta er økonomisk bærekraftige, noko dei førebels ikkje er utan støtte frå staten og EU.
Frå den avsluttande diskusjonen på studietur 3. I bakgrunnen kong James II…
Studietur 2 hadde som emne kva for verktøy og hjelp som er nyttige for å fremje initiativ i fjellbygdene. Her er eit referat frå turen, skrivi av Dorthe Huitfeldt:
“Turen gikk i buss langs innsjøen Loch Ness. Vertskap for turen var Forestry Commission Scotland. Ved Fort Augustus ble vi presentert for et padleprosjekt; Great Glen Canoe Trail. Skottlands først kanorute er under utvikling langs Caledonian Canal og innsjøen Great Glen. Med det økte antallet padlere som ønsker å padle den 60 mil lange ruta fra Fort William til Inverness, har en erkjent behovet for nødvendig tilrettelegging, så som ramper for utsetting av kanoene, campingområder med toaletter og andre fasiliteter og informasjon/webside om rutene. Prosjektet skal være avsluttet og ruten åpnes offisielt 31. mars 2012. Ruta går gjennom områder som er både statlig eide og private. Det offentlige (the Highland Council) har tatt på seg oppgaven med å lage avtaler med private grunneiere.
Vi besøkte et minnesmerke fra krigen og så hvordan man har benyttet dette som et minnesmerke for soldater som har falt i strid i krigene i Irak og Afghanistan. Her var det blant annet bilder, noe som gjorde inntrykk på alle.
The Nevis Partnership er et skotsk selskap, bygget på idealistisk grunnlag. De skal gi råd om framtidig politikk, og bidra til å forsterke de miljømessige kvalitetene og mulighetene for de besøkendes glede av og forståelse for Nevisområdet. Her ble ulike samarbeidsformer mellom ulike partnere/tilbydere og hensyn til naturen framhevet. Vi fikk også en gjennomgang av rammevilkårene for Nevis Range Resort og utfordringene med bl.a. tilrettelegging av alternative aktiviteter i år med lite snø og behovet for å utvikle sommeraktiviter.
På veg tilbake var vi innom Urquhart Castle som er et godt eksempel på hvordan en historisk bygning kan benyttes i næringssammenheng.
Den største læringa var trolig de måtene de samarbeidet på kryss og tvers av både offentlig og privat tilhørighet, med felles mål om å få til aktivitet, men på en bærekraftig måte.”
Bilde frå Urquhart Castle. I skråningen ovanfor ligg det nye servicebygget.
Avsluttande konferansedag
Etter ein innhaldsrik fyrste konferansedag, som vart avslutta med eit flott måltid i fantastiske Inverness Town Hall, samla deltakarane seg att til avsluttande økt med foredrag og paneldebatt. Innlegget til Riddell Graham frå Visit Scotland viste godt at det er store likskapar mellom Noreg og Skottland, også i turistnæringa. Men med ein stor og viktig forskjell: Skottland har ein heimemarknad på om lag 55 millionar britar. Caroline Warburton, som leiar samanslutninga Wild Scotland, viste korleis opplevingsnæringane kan ha store utfordringar knytta til det å drive bærekraftig, både økonomisk og miljømessig. Ho la stor vekt på at i denne næringa er guiden, dvs mennesket, det aller viktigaste leddet.
Konferansen vart avslutta med ein paneldebatt med (frå høgre)
Riddel Graham, Visit Scotland, president André Marcon, Euromontana,
ordstyrar Peter Varley frå University of Highlands & Islands,
Chantal Bunel-Delarche frå Rhone-Alperegionen og
Regula Imhof, frå Alpekonvensjonen.
Meir omtale av konferansen kan du lesa på oppland.no, og fleire bilder finn du på Fjellregionsamarbeidet si Facebookside.
Omtale av Euromontana sitt styremøte og generalforsamlinga kjem seinare.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

