Forside » Arbeidsområder »
Fjellregionsamarbeidet satsar vidare etter vellykka Rådsmøte
Torunn H. Kornstad 21.04.10
Rådsmøtet for 2010 ga leiar Svein Borkhus frå Hedmark fylkeskommune og nestleiar Arne Vinje frå Vinje kommune tillit for ein ny toårsperiode. To nye medlemar vart tatt opp i samarbeidet; kommunane Hjartdal i Telemark og Krødsherad i Buskerud. Elleve av dei 14 medlemane var representerte på møtet, og diskusjonane var gode og konstruktive.
Det attvalde leiarskapet: Leiar Svein Borkhus frå Hedmark fylkeskommune og nestleiar Arne Vinje frå Vinje kommune.
Rådsmøtet vart arrangert på Geilo 14. april i tilknyting til Årskonferansen, som hadde tema ”Busetjing i fjellregionane ” (sjå eigen artikkel). I tillegg til dei 13 rådsmedlemane var like mange til stades som tilhøyrarar på møtet. Desse fekk også talerett.
Dei to nye medlemane vart tatt opp på starten av møtet, slik at Krødsherad kommune, som var til stades, også hadde fulle rettar som rådsmedlem. Årsmelding og rekneskap vart godkjente utan mykje diskusjon. Rådsmøtet vedtok å auke kontingenten frå 2011 til 3 kr/innbyggar for kommunar og regionråd, og 0,75 kr/innbyggar for fylkeskommunane. Gjennom budsjettet vart det vedtatt å halde fram med å finansiere ein 100 % stillingsressurs i sekretariatet. Dette hovudsekretariatet er lokalisert på same stad som leiaren.
Frå einskilde av Rådsmedlemane vart det etterlyst ein handlingsplan. Dette vil bli utarbeidd og lagt fram på Rådsmøtet 2011 saman med ein økonomiplan.
Det var lagt fram ei sak om å starte arbeidet med revisjon av retningslinene, som er nokså detaljerte, men også kan mangle nokre paragrafar. Rådsmøtet kom med synspunkt på kva for endringar som bør gjørast, og arbeidet vil bli sett i gang til hausten slik at dei reviderte retningslinene eller vedtektene kan vedtakast på Rådsmøtet 2011.
Fjellregionsamarbeidet si største oppgåve i 2010 er å arrangere European Mountain Convention for Euromontana på Lillehammer 15.-17. september. Temaet for konferansen er Innovasjon i fjellregionane. Ann Marit Holumsnes frå sekretariatet gikk gjennom dei praktiske tilhøva rundt konferansen. Det kom mange nyttige innspel frå møtedeltakarane, særleg knytta til marknadsføringa av arrangementet.
Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeidet med ei ny stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Ei viktig sak på Rådsmøtet var diskusjonen rundt kva Fjellregionsamarbeidet skal spela inn til arbeidet med meldinga. Fleire ga uttrykk for at ein i innspelet må halde fokus på det spesifikke for fjellbygdslandbruket, med særleg vekt på det grovforbaserte husdyrhaldet.
Den attvalde leiaren ga utttrykk for at arbeidet med Fjellregionsamarbeidet er svært meiningsfylt, og han såg fram til to nye arbeidsår med sterkt fokus på fjellpolitikken.
Krøderen og Norefjell. Frå Krødsherad; ny kommune inn i det fjellpolitiske samarbeidet.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

